E134 er kortaste veg frå Drammen til Haugesund, og ein av hovudvegforbindelsane mellom Austlandet og Vestlandet. Gjennom Telemark har vegen fleire stader dårleg standard, med smal veg, krapp kurvatur og store stigningar. Spesielt mellom Gvammen (Hjartdal kommune) og Århus (Seljord kommune) er det strekningar som gir betydelege utfordringar for framkommeligheten vinterstid, som Ambjørndalen og Nutheimkleivene. Gjennom Hjartdal og Flatdal er det også ein god del hus langs vegen og mange avkjørsler.

Omlegginga av vegen gjennom tunnel frå Gvammen til Århus vil korte inn E134 med ca. 11 km. I tillegg blir den nye vegen tilnærma flat, og dette vil til saman redusere kjøretida for tunge kjøretøy med om lag 18 minutt.

Ny reguleringsplan for Gvammen vart vedteken i kommunestyret i Hjartdal kommune 11. april 2012, mens ny reguleringsplan for Århus vart vedteken i kommunestyret i Seljord kommune 19. april 2012.

Dei nye planane viser at E134 mellom Gvammen og Århus i framtida vil bestå av ca. 9,4 km tunnel og ca. 1,1 km veg i dagen på kvar side av fjellet. Tunnelen vil få eitt løp, med tovegs trafikk. Vegen får 3,5 meter breie kjørebanar med eit 1,0 meter breitt midtfelt. På dagstrekningane kjem det i tillegg 1,0 meter breie skuldrer, slik at total vegbreidde blir 10,0 meter (standardklasse S4). Tunnelen vil få 1,25 meter brei skulder/bankett og bli totalt 10,5 meter brei (tverrsnitt T10,5).