Arbeidet med reguleringsplan for dette prosjektet vart starta opp fordi det i Nasjonal transportplan 2014–2023 vart priortert midlar til å bygge nye tunnelløp for Sætretunnelen og Bjørkhaugtunnelen. Bakgrunnen for denne prioriteringa var at det i 2012 vart berekna ein årsdøgertrafikk (ÅDT) på 17 000 køyretøy på strekninga, og at ein snart ville nå grenseverdien i Tunnelsikkerheitsforskrifta (ÅDT = 20 000) for krav til to tunnelløp.

Etterkvart som planlegginga kom i gang vart det gjort nærare vurderingar og trafikkteljingar, og det vart avklart at resultata frå trafikkberekninga i 2012 ikkje stemde med dei faktiske  forholda. Eigentleg var trafikken mykje mindre enn ein trudde – i 2014 var ÅDT gjennom tunnelane «berre» på 13 500.

På grunn av det endra trafikale grunnlaget vil det ikkje vere behov for å gjennomføre bygginga av nytt tunnelløp for Bjørkhaugtunnelen og Sætretunnelen med det fyrste.

Difor har Statens vegvesen bestemt at reguleringsplanlegginga som er sett i gang for E16 Arna – Vågsbotn vert avslutta.

Kva framtida vil bringe for E16 mellom Arna og Vågsbotn skal no sjåast i samanheng med  den overordna planlegginga av «Ringveg aust». Arbeidet med den overordna planlegginga er så vidt starta opp og Statens vegvesen held no på med ein forstudie for dette prosjektet.