- Nye E16 over Filefjell har fått ein kraftig heving i standard. Vegen er breiare, og den har slakare kurvar og stigning slik at trailerar ikkje så ofte vil køyra seg fast. Om dei likevel skulle bli ståande, er vegen såpass brei at det vil vere muleg å passere. Vegen kan nok framleis bli stengd i vanskelege vêrsituasjonar, men me trur det blir betydeleg mindre enn før, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen på E16 Filefjell.

Uvêrslys

Høgfjellstrekninga ute i dagen er utstyrt med uvêrslys, som no har vore igjennom ein periode med testing etter oppkopling i haust. Snart skal lysa settast i normal drift, og då vil brøytebilsjåførane kunne skru av og på ved hjelp av ein app dei har på telefonane sine.

Lysa er utforma som gatelys på ein vanleg stolpe, og i tillegg er det ledelys midt nede på anna kvar stolpe - for at bilistane lettare skal sjå kor vegen går i snøføyke og dårleg sikt. Løysinga vart valt etter at forskjellege lysoppsett vart prøvd ut på ei teststrekning for eit par år sidan.

- Uvêrslysa skal nyttast når brøytebilsjåførane meiner det er behov for det, for å gjera turen over fjellet lettare og tryggare for trafikkantane, seier byggjeleiar Harald Stadheim på E16 Varpe bru - Smedalsosen.

Startar elektro i januar

Hæhre Entreprenør har stått for arbeidet på delstrekninga, og i løpet av året har det vore lagt ned ein solid innsats på strekninga inn mot tunnelen frå vest og i Tyinkrysset, der vegen er kome inn på ny trase med jamn stigning opp mot Filefjelltunnelen.

Den 5,8 km lange tunnelen er ferdig asfaltert, og etter planen skal Mesta starte elektroarbeidet i januar.

- Me satsar på å opne tunnelen hausten 2017, slik at trafikken går gjennom fjellet opp til Kyrkjestølen før dei første vinterstormane set inn neste vinter, seier prosjektleiar Haugen.

Omfattande jobb

I tunnelen er det mellom anna montert rundt 100.000 kvadratmeter med matter til vass- og frostsikring, festa med 50.000 bolter og dekka med 8.000 kubikkmeter sprøytebetong. I 2017 skal det mellom anna monterast rundt 500 lysarmaturar, 230 rømningslys, 48 nødtelefonar og 24 ventilatorer i tunnelen.

- Det er mykje elektrisk utstyr som skal på plass før tunnelen kan opnast. Det tek sin tid å montere, og i tillegg kjem testing og sikkerheitsgodkjenning, seier Haugen.