Tunnelen er planlagt frå Harestad i Randaberg kommune til Arsvågen i Bokn kommune og vil bli rundt 25,5 kilometer lang. I tillegg skal det byggast ein arm på om lag fire kilometer opp til Kvitsøy.

E39 Rogfast vil bli verdas lengste undersjøiske vegtunnel. Tunnelen vil også bli den djupaste i verda. Det lågaste punktet i tunnelen vil ligge på om lag 385 meter under havoverflata.