Statens vegvesen legg planforslaget ut til høyring og offentleg ettersyn med bakgrunn i § 3-7 og § 12-10 i plan- og bygningslova. Planen er utarbeidd i samarbeid med Kvitsøy kommune.

Reguleringsplan for E39 Rogfast på Kvitsøy blei vedtatt av Kvitsøy kommune 19.06.2013. Statens vegvesen har no foreslått endringar i planen som blei vedteken, noko som gjer at planen må behandlast på nytt.

Endringane er i hovudsak knytte til:

  • Etablering av pen kanal/vasspegel mellom Hellesøy og Krossøy, samt justering av fyllinga utanfor tunnelen. Dette for å betre gjennomstrøyminga av vatn og kvaliteten på vatnet
  • Justering av kryss/rundkjøring på utfylt område utanfor tunnel
  • Justering av bru og trase over/ved Leiasundet
  • Endring av trase ved kryssing av Kjørkjesundet og etablering av bru
  • Justert avkjøring til Kvitsøy kyrkje
  • Tursti og løysingar for gåande og syklande
  • Mindre justeringar av vegen og optimalisering av kryss og avkjørsler

Plandokumenta kan lastast ned her og er også tilgjengelege på kommunehuset på Kvitsøy

Orienteringsmøte og kontordag

Det blir arrangert eit ope orienteringsmøte 19. oktober kl. 16:30–18:30 på Aktivitetshuset og open kontordag 27. oktober kl. 15:00–18:30 på kommunehuset.

Merknader og spørsmål

Vi ber om eventuelle merknader innan 17. november. Send det til Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger, eller firmapost-vest@vegvesen.no.

Har du spørsmål om planarbeidet, kan du kontakte Hans Ivar Ravn-Larsen på telefon 93438812 eller e-post hans.ivar.ravn-larsen@vegvesen.no