Prosjektleiar Tor Geir Espedal starta møtet med å gi ein generell presentasjon av det som skal bli verdas lengste vegtunnel. Bygginga av den 26,7 kilometeren lange tunnelen blir delt opp i fem entreprisar, i tillegg kjem det som kan bli ein av dei største landbaserte elektrokontraktane.

Inviterer til dialog

– Rogfast er verdas største undersjøiske tunnelprosjekt, som krev gode og sikre løysingar. Derfor er det heilt nødvendig med god dialog med de som entreprenørar. Vi har framleis ikkje alle svar, og vi inviterer de til å kome med innspel på korleis vi saman kan løyse utfordringane som må løysast på ein best mogeleg måte. Dei lange stuffane, transportlogistikken og ytre miljø-utfordringane må løysast på ein sikker måte, sa prosjektleiar Tor Geir Espedal.

Byggjeleiar Sveinung Brude gav dei frammøtte ein detaljert presentasjon av den mest kompliserte kontrakten (E02), som startar på Kvitsøy og går mot Randaberg i sør og Bokn i nord. Kontrakten inneheld 21 kilometer tunnel, 2 kilometer veg i dagen, rampar, rundkøyringar og to ventilasjonstunnelar. Dei er 250 meter djupe, og har ein omkrins på 10 meter. Vurdert kontraktsverdi for E02 er på 2,8 milliardar kroner.

Urørt natur

Ytre miljø-ansvarleg Merete Landskår poengterte at Rogfast har høge miljøambisjonar, og skal bli eit berekraftig prosjekt.

– Kvitsøy er i all hovudsak urørt, og det er registrert fleire raudlista artar, og dei skal blir sikra i anleggsperioden, fortale ho til dei lydhøyre representantane frå norske og utanlandske entreprenørar.

Eit berekraftig prosjekt inneber å minimere inngrep i landskap og naturmiljø og verne/sikre særlege sårbare verdiar. Mellomlagre matjord/sårbart vegetasjonsdekket skal tas av og leggjas på plass utan innblanding av annen masse.

Forhindre skade på lokale oppdrettsanlegg. Det vil bli stilt krav om bruk av lågkarbonbetong, gjenvunne stål, samt ein moderne maskinpark og optimalisering av anleggslogistikk. Sørgje for mest mogeleg miljø- og samfunnsnyttig ressursutnytting av kvalitetsstein frå tunneldriving. Nytte mest mogeleg formålstenleg utfyllingsmetode for å hindre spreiing av partiklar og plast til sjø.