Denne veka har fleire av dei som arbeider med vinterdrift gjennomført del to av eit vidareutdanningskurs i regi av Statens vegvesen og NTNU. [30.10.2009]
Kurset starta onsdag på NTNU i Trondheim, og er nært knytte til både kompetanseutviklingsprogrammet (KDV) og SaltSMART-programmet i Statens vegvesen.
Etter nokre undervisningstimar i saltets verknad på snø og is gjekk turen til det nye islaboratoriet ved NTNU, som Statens vegvesen har vore med på å finansiere. I ti kunstige minusgrader fekk dei studere prosessane gjennom eit avansert mikroskop, og teste friksjonsmåling på is med forskjellige saltinnhald. Alex Klein Paste har tatt doktorgrad i saltets verknader på snø og is med støtte frå SaltSMART-programmet, og var ein ivrig lærar under kurset.
FoU-programmet SaltSMART har skapt mykje ny kunnskap om vinterdrift, og i samarbeid med FoU-programmet Kompetanseutvikling Drift og Vedlikehald (KDV) skal desse kunnskapane ut til dei som arbeider med vinterdrift.
Ein av kursdeltakarane studerer vassdropane medan dei frys til.
Alex Klein Paste har tatt doktorgrad i saltets verknader på snø og is med støtte frå SaltSMART-programmet, og var ein ivrig lærar under kurset.
Når vatnet frys til oppstår eit vakkert fargespel som kan studerast gjennom mikroskopet.
Når vatnet frys til oppstår eit vakkert fargespel som kan studerast gjennom mikroskopet. Her ser vi fargespelet som oppstår når reint vatn frys.
Når vatnet blir tilsett fem prosent saltløysing ser det slik ut under tilfrysing.
Detalj av vatn som frys når det er tilsett fem prosent saltløysing.
Ved hjelp av ein bærbar friksjonstestar fekk kursdeltakarane sjå resultatet av friksjon mot rein is, og is utsatt for forkjellige konsentrasjonar av saltløysing.
Ein av kursdeltakarane førebur eit kunstig vegdekke med reint vatn som frys til is, og utset deretter tre av dei fire "vegbanene" for forskjellige konsentrasjonar av saltløysing.
Det kunstige vegdekket vert plassert under friksjonstestaren slik at dei fire "vegbanene" med forskjellig is kan verte utsette for den same friksjonen i tur og orden. Alt forgår i islaboratoriet, som for denne testen har ti minusgrader.
Friksjonspendelen vert utløyst, og utsett den andre av fire "vegbaner" for ein førehandsinnstilt friksjon. Deretter får kursdeltakarane studere forskjellane på dei forskjellige isprøvene som har vorte utsett for den same friksjonen.
Termisk kamera blir også flittig brukt i forskningen på islaboratoriet. Dette viser temperaturforskjeller ved hjelp av farger.
Det termiske kameraet viser temperaturforskjeller med en nøyaktighet på 0.1 grader celsius.