– Før vi tek fatt på dei mange tema som skal ligge i ein tunnelstrategi må det takast heilt grunnleggjande val om krav til levetid og inspeksjon bak kvelv. [05.02.2009]
– Desse vala kan ikkje Statens vegvesen ta åleine, seier Ole Christian Torpp som leier strategiarbeidet. Strategien skal gi retninga for korleis vegtunnelar skal planleggjast, byggjast og haldast vedlike framover.
Inspeksjon
Statens vegvesen vil vurdere om nye tunnelar skal byggast for manuell inspeksjon mellom tunnelkvelv og berg. Der det er rom
mellom kvelv og berg er det i dag eit krav om at tunnelveggar- og tak skal inspiserast frå dette rommet. Der det ikkje er
slikt mellomrom blir inspeksjonen gjort frå sjølve tunnelen.
– Mange stader er mellomrommet trongt og lite eigna som arbeidsrom. Om vi opprettheld krav om òg på nye tunnelar å inspisere
bak kvelven, må vi vurdere utforminga av rommet. Alternativet er at vi i nye tunnelar ikkje legg opp til ei slik inspeksjon,
seier Torpp, og held fram:
– Dersom vi kjem fram til at vi i nye tunnelar ikkje vil ha folk inn mellom kvelv og berg, vil vi truleg i større grad enn i dag satse på full utstøyping av kvelv, eller vi vil legge tunnelkledinga nærare berget. Det vil krevje meir nøyaktig sprenging av konturen på tunnelen.
Levetid
Det andre spørsmålet er kva levetid tunnelar skal dimensjonerast for. I dag byggjast tunnelar med tanke på at berget som bærande
konstruksjon skal ha ei levetid på minst 50 år.
– Røldalstunnelen rundar snart 50 år, men det er alt for tidleg å avskrive ei slik tunnel. Når vi ser kor godt fjellet kan
halde seg, og tenkjer på kor mykje betre kunnskap og sikringsmetodar vi har i dag, må det vere muleg å byggje tunnelar med
100 års levetid, meiner Torpp.
Meir varsam
Skal levetida på fjellet i tunnelar doblast kan det verte naudsynt å sprenge forsiktigare slik at berget knusast mindre. Meir
injisering for å tette vasslekkasjar og meir utstøyping må òg vurderast.
– Dette kostar sjølvsagt, men i tillegg til auka levetid vil det truleg gjere tunnelane betre tilrettelagde for drift, og
meir energieffektive, til dømes ved mindre pumpebehov i undersjøiske tunnelar, håper Torpp.
Kostnadar, tryggleik og trafikkavvikling vert sentrale tema å vurdere i levetidssamanheng.
Målet er å få ei avgjerd på spørsmåla om levetid og inspeksjon innan sommaren.
Arbeidet med tunnelstrategi er ein del av forskings-og utviklingsprosjektet Moderne vegtunnelar.