Ny strategi for vegtunnelar

Vegdirektøren gav i siste møte i etatsleiinga klarsignal for å setje i gang eit strategiarbeid for når og korleis framtidige vegtunnelar skal byggjast. [11.09.2008]

– Dei siste 30 åra har det vore ei omfattande utvikling på tunnelsida. Erfaringar vi har gjort oss viser at vi no treng ein diskusjon i heile etaten om korleis vi skal planleggje, byggje, vedlikehalde og oppgradere tunnelar. Og ikkje minst, vi må ha ein strategi for når vi skal byggje tunnel og når vi skal satse på andre løysingar, seier utbyggingsdirektør Lars Aksnes.

FoU-prosjekt
På riks- og fylkesvegnettet fins det i dag om lag 960 tunnelar på total lengde om lag 850 kilometer.

– Fleire av tunnelane er gamle og tilfredstiller ikkje dagens krav til tryggleik og framkomst. Oppgraderingsbehovet er veldig stort, og vi må finne dei løysingane som gjer best effekt. Heilt sikkert er det at vi treng meir tverrfagleg og heilskapleg tunnelkompetanse i etaten, seier Aksnes. Han har leia ei gruppe som har vurdert kva tema som bør inngå i etaten sin strategi for tunnelar.

Det som skal vere med er mellom anna:

  • Planlegging
  • Bygging
  • Drift og vedlikehald
  • Forvaltning
  • Tilgjenge og tryggleik
  • Levetid
  • Normalar og retningsliner
  • Tverrfaglig kompetanse, leiing og styring
  • Økonomi og konsekvensar

Moderne vegtunnelar
Når Statens vegvesen har kome fram til kva strategi etaten vil gå inn for, skal og bransjen få kome med sine innspel. Arbeidet med å lage forslag til strategi er det FoU-prosjektet Moderne vegtunnelar som skal stå for. Prosjektet er kome i gang på bakgrunn av dei siste åras tunnelhendingar og dei føringar som blei lagd av blant anna bransjerapporten Tunneltryggleik (juni 2007) og Agendarapporten (oktober 2007).

I perioden 2008-2011 skal prosjektet arbeide med å utvikle ein einskapleg strategi for vegtunnelar i etaten. Det vil danne basis for dei tema som inngår i prosjektet:

  • Tunnelskole for å heve den faglege kompetansen i Statens vegvesen.
  • Vurdering av føringar for val av løysning i planleggingsfasen, gjennomgang av metodar og løysingar som sikrar tilstrekkeleg standard og tryggleik i vegtunnelar.
  • Vurdering av utforming av tunnelar sett i samanheng med tryggleik, levetid og oppetid i ulike tunneklassar.
  • Etablering av eit forvaltnings- og rapporteringssystem for tunnelar med utgangspunkt i dagens løysningar.
  • Utvikling av et standardisert system for lagring av registrert geologi, utført sikring og data frå borerigg under tunnelbygging.
  • Vidareføre arbeidet i prosjektet Tunnelutvikling (2005-2007) og branntryggleik i tunnelar.
  • Harmonisering og standardisering av brannprøving
  • Kompetanseheving