SVV og NFF saman om 100-årstunnelar

Statens vegvesen og NFF (Norsk Forening for Fjellsprengingsteknikk) gjennomførte sitt første felles bransjemøte med tema moderne vegtunnelar. [28.01.2010]

– Ved å koordinere vårt bransjemøte med NFF fekk begge partar verdifulle innspel, fortel Harald Buvik, som leier FoU-programmet i Statens vegvesen. Han var òg ansvarleg for gjennomføringa av møtet.

100 års levetid
Eit sentralt tema på bransjemøtet var ønsket om tunnelar med 100 års levetid. – Vi trur ikkje storleiken på transportkjøretøya kjem til å endre seg radikalt i framtida, ettersom dagens containerstandard er tilpassa alle transportformer vi har på land, sjø og i lufta i dag, sa Vegvesenets Ole Christian Torpp, om dimensjonering av dei moderne vegtunnelane, men det finnast andre utfordringar.

Drift og vedlikehald kostar tre til åtte gongar meir i tunnelar enn på open veg, så det er eit klart ønske om å redusere dette behovet. Når dette kombinerast med ønske om 100 års levetid må krava til kvalitet i byggefasen endrast radikalt.

Forsiktig sprenging
Med fleire, mindre og meir nøyaktige sprengingssalvar får ein fine, nærast glatte fjellveggar i tunnelen like etter sprenging, og behovet for ettersikring med betong og kvelv reduserast eller fjernast heilt. Metoden er ikkje ny, men vart brukt nokre stader på 1950, -60 og -70-talet. På 80-talet måtte den tidkrevjande og dyre metoden vike vegen for økonomisk effektivisering, men no er metoden aktualisert igjen, og med omsyn til redusert behov for sikring, drift og vedlikehald kan metoden vise seg å vere samfunnsøkonomisk gunstig på sikt.

– Denne vinteren startar vi eit forsøk med metoden på den nye Kvivsvegen på Sunnmøre, som har fleire tunnelar. Då får vi tal å forholde oss til, forklarer Buvik.

HMS og kompetanse
Dersom ein betrar kvaliteten tilstrekkeleg i byggefasen kan det òg vere mogleg å fjerne behovet for kvelv, med tilhørande inspeksjonar av rommet mellom bergveggen og tunnelkvelvet av betong. Dette vil gjere drift- og vedlikehaldsarbeidet tryggare, men nokre av møtedeltakarane stilte seg undrande til om det let seg gjere.

I tillegg til økte kostnadar, og krav til byggeutføring i kontrakter, framheva og møtedeltakarane behovet for kompetanseutvikling for å klare slike prosjekt i framtida. Her fekk Tunnelskolen, eitt av delprosjekta i Moderne vegtunnelar, skryt for å vere ei særs vellukka satsing frå Vegvesenet si side.

Kontursprenging av tunnel på 1950-talet kontra "vanleg" sprenging på 1980-taletTil venstre ser vi tilløpstunnelen til Tokke kraftverk, sprengd ut ved hjelp av kontursprenging på 1950-talet. Til høgre ser vi tilløpstunnelen til Litjfossen kraftverk sprengd ut tidlig på 1980-talet, då rasjonalisering og effektivisering byrja å sette andre produksjonsrammer. Det skal nemnast at bergtypane er ulike, og prøveprosjektet på Kvivsvegen i Møre og Romsdal i vinter vil vise kor representative bileta er. (Foto: NTNU)