Vegtrafikkindeksen er berekna ut frå Statens vegvesen sine omlag 350 maskinelle teljepunkt, der trafikken blir registrert kontinuerleg kvar time heile året.
Det vekta utvalet gir truleg eit godt bilete av utviklinga i trafikkarbeidet (vognkm) på riks- og fylkesvegnettet. Tala er gitt som endring i prosent i forhold til same tidsperiode føregåande år. Statistikkinformasjonen er utarbeida av Statens vegvesens veg- og trafikkfaglige senter i Trondheim.