Vegtrafikkindeksen er berekna ut frå Statens vegvesen sine omlag 350 maskinelle registreringspunkt, der trafikken blir registrert kontinuerleg kvar time heile året.
Det vekta utvalet gir truleg eit godt bilete av utviklinga i trafikkarbeidet (vognkm) på riks- og fylkesvegnettet. Tala er gitt som endring i prosent samanlikna med same tidsperiode føregåande år. Statistikkinformasjonen er utarbeidd av Statens vegvesen Region vest, spesialistregion for trafikkdata.