Ungdom mellom 16 og 24 år er den mest ulukkesutsette gruppa i trafikken. I heile Region vest nyttar Statens vegvesen no kampanjen "Sei ifrå!" for å redusere talet på skadde og drepne ungdommar i bil. Kampanjen blir gjennomført i samarbeid med politi.
I Sogn og Fjordane har kampanjen vore nytta sidan 1993, i Hordaland sidan 2001 og i Rogaland sidan 2004. Erfaringane frå Sogn og Fjordane og ei evaluering frå Transportøkonomisk institutt i 1999, syner at kampanjen har ført til stor reduksjon i talet på skadde og drepne ungdommar i bil.
Kampanjen bygger på at ungdomar flest er positive og fornuftige menneske, som skjøner farane ved risikofylt kjøring. Det er eit mindretal som gjennom sin atferd medverkar til risikofylt kjøring med bil. ”Sei ifrå!”-kampanjen sin viktigaste oppgåve er derfor å støtte opp om at det er heilt ok å seie ifrå og å medverke til at det er lov å gjere det. Føremålet er å få fleire til å sette grenser for kva dei ønskjer/ ikkje ønskjer å vere med på. Ungdommen sitt eige sosiale nettverk vil deretter leggje press på sjåførane sin kjøreatferd.
Kampanjen inneheld både kontrolltiltak og informasjon med bodskapet ”Sei ifrå!”, der passasjerane vert oppmoda om å seie ifrå når mellom anna farten vert for høg. Informasjonen består av kortfilm, t-skjorter og anna materiell. Filmen blir vist på TV, kino, skular og på kontrollar ute på vegen.
Overfor ei mindre gruppe med såkalla "verstingar" er det berre politikontroll og inndraging av førarkortet som nyttar, i følgje kampanjen sin "filosofi".