Retningslinene og skjema er laga på grunnlag av Vegloven § 32 og § 57
Vegloven §32 og §57 gjeld over, under eller langs offentleg veg. Loven gjeld og området innafor 3 meter frå vegkant.

Her kjem nokre stikkord om kva det må søkast om:

  • Å fjerne massar (grave, hogge tre, sprenge osv.)
  • Legge i frå seg massar (t.d. tømmer, stein, container, stillas, byggemateriell)
  • Etablere leidningsanlegg av alle slag, (t.d. telefon, straum, løypestreng, vatn- og avløpsleidning)

Klikk på linkane under for å hente fram gjeldande retningsliner med søknadsskjema og skjema for entreprenøren sin eigenkontroll.