Føreropplæringa har fire trinn i alle klasser. Det er viktig å ha nådd målet for eitt trinn for å ha godt utbytte av opplæringa på det neste.
Ein del av opplæringa er obligatorisk og må gjennomførast på trafikkskulen. Dette gjeld tema som er vanskeleg å læra seg på eiga hand, eller som det er svært viktig at alle får god opplæring i.
Ved avslutninga av trinn 2 og 3 må du ta ein obligatorisk rettleiingstime (veiledningstime) på trafikkskulen. Desse to timane skal hjelpe deg med å nå måla for trinna.
For å få førarkort
Første gong du søkjer om førarkort i ei av dei lette førarkortklassene, kan du søkje elektronisk (søknad om førarkort)
Yrkessjåførutdanning
Dersom du skal bli yrkessjåfør, må du i tillegg til førarkort skaffe deg spesiell yrkessjåførutdanning