Trinn 4 Avsluttande opplæring
På dette skal du bli så god at du kan kjøre på ein ansvarleg måte og i god samhandling med andre trafikantar.
Du må gjennomføre tre obligatoriske kurs
- Kurs i ulykkkesberedskap (om du ikkje har det frå før)
- Sikkerheitskurs på veg
- Sikkerheitskurs på bane (om du ikkje har klasse C frå før)
Kurs i ulykkkesberedskap
- er felles for alle tunge klasser (minibuss, buss, lett lastebil og lastebil).
- skal medverke til at du kan vere ein ressursperson ved ulykker o.l.
Du lærer bl.a. om
- sikring av skadestad
- førstehjelp
- tiltak ved brann
Sikkerheitskurs på veg
- er på 9 timar
- skal medverke til at du kan kjøre over tid og under ulike forhold
Du lærer bl.a. om
- å planleggje kjørerute
- kontroll før og etter kjøring
- samspelet mellom tungbilføraren og andre trafikantar
- å motvirke ulykker
- å kjøre slik at miljøskaden er minst mogleg
- å vurdere eigen kjørekompetanse
Sikkerheitskurs på bane
- er på 9 timar
- er felles for klasse C og D
- ekal medverke til rett vurdering når kjøreforholda er vanskelege
Du lærer bl.a. om
- behov for bremse- og stopplengd
- kva fart, dekk, plassering av last har å seie for kjøre- og bremseeigenskapane
- konsekvensar av feilhandlingar
- kjøreåtferd som kan redusere ulykker
Trinn 4 Avsluttande opplæring
På dette skal du bli så god at du kan kjøre på ein ansvarleg måte og i god samhandling med andre trafikantar.
Du må gjennomføre obligatorisk kurs i sikkering og merking av last for klassene BE, D1E, DE og T (om du ikkje har kurset frå før!)
Kurs i sikring og merking av last
- er på 2 timar
- skal hjelpe deg til å forstå kor viktig det er å sikre og merke last
- gjev øving i ulike måtar å sikre lasta på
Sist oppdatert: 20. april 2011