Øvingskjøring i klasse D og DE

OBS! Øvingskjøring må ikkje vere til fare eller unødig ulempe for annan trafikk!

For å kunne øvingskjøre i klasse D

må du

  • vere fylt 19 år
  • ha førerett i klasse B
  • ha med deg førarkortet når du øvingskjører (det finst unntak frå dei to siste punkta, sjå lengre ned på sida!)

Den som er med deg

  • må ha hatt førerett  i klasse D samanhengande dei siste 5 åra
  • NB! Kan ikkje ta betaling, sjå lengre ned på sida.

Passasjerar

  • er det ikkje lov å ha med ved øvingskjøring i klasse D!

Øvingsområdet:

  • Må veljast etter kor langt du er komen i opplæringa
  • Du har ikkje lov til å øvingskjøre i utlandet

NB! Opplæring mot vederlag:

Det blir rekna som opplæring mot vederlag når den som sit ved sida av får betaling for å vera med, same kven som betaler. Det er viktig å merke seg dette, ettersom det blir stilt meir omfattande krav til kjøretøy, lærar osv når opplæringa skjer mot vederlag.

 Unntak frå kravet om førerett:

  • Dersom du er elev som gjennomgår yrkesopplæring i det offentlege skoleverket i samsvar med direktiv 76/914/EØF, er det ikkje krav om førerett i klasse B for å øvingskjøre i klasse D

OBS! Øvingskjøring må ikkje vere til fare eller unødig ulempe for annan trafikk!

For å kunne øvingskjøre i klasse DE

må du

  • vere fylt 19 år
  • ha førerett i klasse B
  • ha med deg førarkortet når du øvingskjører (det finst unntak frå dei to siste punkta, sjå lengre ned på sida!)

Den som er med deg

  • må ha hatt førerett  i klasse DE samanhengande dei siste 5 åra
  • NB! Kan ikkje ta betaling, sjå lengre ned på sida.

Passasjerar

  • er det ikkje lov å ha med ved øvingskjøring i klasse DE!

Øvingsområdet:

  • Må veljast etter kor langt du er komen i opplæringa
  • Du har ikkje lov til å øvingskjøre i utlandet

Unntak frå kravet om førerett:

  • Dersom du er elev som gjennomgår yrkesopplæring i det offentlege skuleverket i samsvar med direktiv 76/914/EØF, er det ikkje krav om førerett i klasse B for å øvingskjøre i klasse DE
Sist oppdatert: 13. oktober 2009