Trinn 4 Avsluttande opplæring

På dette trinnet skal du bli så god at du kan kjøre på ein ansvarleg måte og i god samhandling med andre trafikantar.

Du må  gjennomføre to obligatoriske kurs

  • Kurs i ulykkkesberedskap
  • Sikkerheitskurs på veg

Kurs i ulykkkesberedskap

  • er på 9 timar
  • er felles for alle tunge klasser (minibuss, buss, lett lastebil og lastebil).
  • skal medverke til at du kan vere ein ressursperson ved ulykker o.l.

Du lærer bl.a. om

  • sikring av skadestad
  • førstehjelp
  • tiltak ved brann

Sikkerheitskurs på veg

  • er på 4 timar
  • skal medverke til at du kan kjøre over tid og under ulike forhold

Du lærer bl.a. om

  • å planleggje kjørerute
  • kontroll før og etter kjøring
  • samspelet mellom tungbilføraren og andre trafikantar
  • å motvirke ulykker
  • å kjøre slik at miljøskaden er minst mogleg
  • å vurdere eiga kjørekompetanse

Klasse D1E

Du må  gjennomføre to obligatoriske kurs her også

  • Sikkerheitskurs på veg (Fritak dersom du har klasse C1 frå før!)
  • Kurs i sikkering og merking av last for klassene BE, D1E, DE og T

Sikkerheitskurs på veg

  • er på 4 timar
  • skal medverke til at du kan kjøre over tid og under ulike forhold

Du lærer bl.a. om

  • å planleggje kjørerute
  • kontroll før og etter kjøring
  • samspelet mellom tungbilføraren og andre trafikantar
  • å motvirke ulykker
  • og trafikkavvikling
  • å kjøre slik at miljøskaden er minst mogleg
  • å vurdere eiga kjørekompetanse

Kurs i sikkering og merking av last for klassene BE, D1E, DE og T

Obligatorisk kurs i sikring og merking av last (Fritak dersom du har klasse C1 frå før!)

  • er på 2 timar
  • skal hjelpe deg til å forstå kor viktig det er å sikre og merke last
  • gjev øving i ulike måtar å sikre lasta på
Sist oppdatert: 18. april 2011