Øvingskjøring klasse A og A1 (motorsykkel)

OBS! Øvingskjøring må ikkje vere til fare eller unødig ulempe for annan trafikk.

For å kunne øvingskjøre i klasse A1 må du

  • vere fylt 15 år
  • ha fullført trafikalt grunnkurs
  • ha med anten bevis for fullført trafikalt grunnkurs og legitimasjon, eller førarkort i ein annan klasse

 For å kunne øvingskjøre i klasse A må du

  • vere fylt 16 år (mellomtung motorsykkel)
  • vere fylt 19 år (tung motorsykkel)
  • elles gjeld det same som for A1

NB! Sjå lengre ned på sida om forskjellen på mellomtung og tung motorsykkel.

Trafikalt grunnkurs

  • er trinn 1 i opplæringa. Det skal gi grunnleggjande forståing for trafikk og vere utgangspunktet for vidare opplæring
  • kan du ta når du er 15 år. Tek du kurset i den offentlege skulen, kan du ta det i 10. klasse, sjølv om du ikkje har fylt 15

Fritak for trafikalt grunnkurs

Du er friteken for trafikalt grunnkurs dersom du

  • er over 25 år
  • har førarkort frå før
  • NB! Du må likevel ta mørkekjøring og førstehjelp før du skal kjøre opp!

Den som er med deg

  • må vere fylt 25 år
  • må ha hatt førerett i den klassen du skal øvingskjøre i samanhengande dei siste 5 åra
  • må sitje på motorsykkelen saman med deg så sant motorsykkelen har stor nok nyttelast, eventuelt følgje etter på mellomtung eller tung motorsykkel
  • NB! Kan ikkje ta betaling, sjå lengre ned på sida

Motorsykkelen

  • I klasse A1 må den vere registrert som lett motorsykkel (slagvolum under 125 cm3, effekt ikkje over 11 kw)
  • I klasse A må du bruke mellomtung motorsykkel dersom du er under 19 år! (motoreffekt ikkje over 25 kw, ikkje meir enn 0,16 kw pr kg eigenvekt, sjå førarkortforskrifta § 2-2!)

Øvingsområdet

  • Må veljast etter kor langt du er komen i opplæringa
  • Unngå øving i tett trafikk og høg fart før du er god nok til å følgje trafikkrytmen
  • Du har ikkje lov til å øvingskjøre i utlandet!

Kommunikasjon

  • På veg eller andre område som ikkje er avsperra, skal den som er med deg kunne instruere deg via tovegs kommunikasjonsutstyr
  • øvingsbane eller avsperra område er det lov å øvingskjøre når den som er med deg har visuell kontakt og kan instruere deg

Vest med L

  • Både du og den som er med deg og øvingskjører må ha refleksvest som bakover viser bokstaven L

NB! Opplæring mot vederlag:

Det blir rekna som opplæring mot vederlag når den som er med deg får betaling for å vere med, same kven som betaler. Det er viktig å merke seg dette, ettersom det blir stilt meir omfattande krav til kjøretøy, lærar osv. når opplæringa skjer mot vederlag.

 

Sist oppdatert: 23. mars 2012