Obligatorisk opplæring
Ein del av opplæringa er obligatorisk, disse timane må du ta på trafikkskule. Andre deler kan du velje om du vil ta på trafikkskule
eller privat.
Gode råd
- Samarbeid med trafikkskulen frå starten av opplæringa!
- Ta teorikurs på trafikkskulen! (Teorikurs må ikkje forvekslast med trafikalt grunnkurs)
- Kjøp deg læremateriell gjennom trafikkskule, i bokhandelen eller på internett
- Les læreboka grundig fleire gonger
- Lær deg kunnskapsstoffet samtidig som du tar praktisk opplæring, da sitter det betre
- Å berre løyse oppgåver på nettet er ikkje nok til å lære stoffet
- Ta timar på trafikkskolen før du øver privat! Da lærer du raskare, og det blir trygt å øvingskjøre privat
Mål og innhald
Du finn meir om måla for opplæringa, og innhaldet i dei fire trinna, i
trafikkopplæringsforskrifta
og
læreplanen
Føraropplæring klasse BE og B96 (personbil med tilhenger)
Opplæringa i klasse BE og B96 har også fire trinn. Trinn 1 blir dekka ved at du har opplæring i klasse B. Det er viktig å ha nådd målet for eitt trinn for å ha godt utbytte av opplæringa på det neste.
Obligatorisk opplæring
Ein del av opplæringa er obligatorisk, desse timane må du ta på trafikkskule. Andre delar kan du velje om du vil ta på trafikkskule
eller privat.
Gode råd
- Samarbeid med trafikkskulen frå starten av opplæringa!
- Ta timar på trafikkskulen før du øver privat! Då lærer du raskare, og det blir trygt å øvingskjøre privat
Nytt i 2013:
- Med ny kode 96 til førarkort klasse B kan du kjøre bil og tilhengar som til saman har tillaten totalvekt 4250 kg. Du får førarkort i klasse B kode 96 ved å ta minst 7 timar obligatorisk opplæring utan å måtte gå opp til ny førarprøve.
- Opplæringa i klasse BE omfattar heretter minst 7 timar. For å få førrarrett i klasse BE, må du framleis gå opp til førarprøve
Les meir om endringane av klasse B

