Klasse B: på dette trinnet skal du bli så god at du kan kjøre på ein ansvarleg måte og i god samhandling med andre trafikantar. Du skal bl.a. kunne velje kjøremåtar med låg risiko, kunne motverke at det skjer ulykker og vere bevisst på korleis du kan forbetre deg som bilførar også etter at du har fått førarkort.
Individuell tilpassing og mengdetrening
Noko av opplæringa på dette trinnet er obligatorisk (sjå nedanfor). Dette er til vanleg ikkje nok til å nå hovudmålet. Det er viktig at du i tillegg øver tilstrekkeleg på trafikkskule eller privat. Så sant du kan få det
til, bør du øvingskjøre fleire tusen kilometer før du går opp til prøve. (lenke til mengdetrening)
Obligatorisk sikkerheitskurs på veg
Dette kurset er på i alt 13 timar. Det har fire delar:
For å ha godt utbytte, er det viktig at du er god nok frå før. Ideelt burde du vere god nok til å greie praktisk førarprøve før du tek dette kurset!
Gjennom kurset skal du vidareutvikle
På dette trinnet skal du bli så god at du kan kjøre på ein ansvarleg måte og i god samhandling med andre trafikantar. Du skal
bl.a. kunne velje kjøremåtar med låg risiko, kunne motverke at det skjer ulykker og vere bevisst på korleis du kan forbetre
deg som bilførar også etter at du har fått førarkort.
Obligatorisk kurs i sikring og merking av last
Dette kurset er på 2 timar. Kurset skal hjelpe deg til å forstå kor viktig det er å sikre og merke last, og til å lære måtar å sikre lasta på.