Trinn 3 Trafikal del

Klasse B: på dette trinnet skal du lære å kjøre i variert trafikk, og bli tilnærma sjølvstendig. Du lærer bl.a. om trafikantgrupper og interessemotsetningar, å kjøre effektiv og behageleg, miljøvennleg og økonomisk, å redusere risikoen for møteulykker og å bli forbikjørt og å kjøre forbi.

Opplæringa kan skje på ein trafikkskule, privat eller i kombinasjon. Også det du skal lære på trinn 3, blir du prøvd i når du kjører opp

Individuell tilpassing
Kor mange kjøretimar du skal ta, må tilpassast behovet du har, og kor mykje du øvingskjører privat. Det er viktig å nå målet for trinnet!

Obligatorisk sikkerheitskurs på bane
Mot slutten av dette trinnet skal du gjennomføre sikkerheitskurs på bane.

  • Kurset er på 4 timar
  • Kurset skal medverke til at du greier å unngå ulykker
  • Du lærer bl.a. om å sikre personar og gods, og om korleis kjøremåten din bestemmer om du har, eller mistar, kontrollen over bilen

Obligatorisk rettleiingstime (veiledningstime)

  • Trinn 3 blir avslutta med ein rettleiingstime (veiledningstime)
  • Du og  læraren skal saman vurdere om du har gode nok ferdigheiter til å begynne på trinn 4

Klasse BE:

På dette trinnet skal du lære å kjøre sikkert og sjølvstendig med bil og tilhengar i variert trafikk.

Du lærer bl.a.

  • å kjøre tydeleg,  effektivt og økonomisk
  • å vurdere snuplassar, snumåtar og bruk av medhjelpar

Individuell tilpassing
Kor mange kjøretimar du skal ta, må tilpassast behovet du har. Det er viktig å nå målet for trinnet!

Obligatorisk rettleiingstime (veiledningstime)
Den grunnleggjande opplæringa blir avslutta med ein rettleiingstime (veiledningstime). Du og læraren skal saman vurdere om du har gode nok ferdigheiter til å begynne på trinn 4

Sist oppdatert: 5. juli 2011