- Kurset er obligatorisk og det første trinnet i opplæringa
- Det er på 17 timar og felles for alle klassar.
- Kurset skal gje grunnleggjande forståing for kva det inneber å vere førar
- Både trafikkskular og offentleg skule tilbyr grunnkurs
For å ta kurset
må du vere minst 15 år. Tek du kurset i den offentlege skulen, kan du ta det når du går i 10. klassetrinn.
Førarkort frå før?
Har du førarkort i ein annan klasse frå før, treng du ikkje å ta trafikalt grunnkurs
Bevis
- Når kurset er fullført, får du eit bevis som gjev deg rett til å øvingskjøre
- Tek du kurset i tida 16. mars - 31. oktober utan å få gjennomført mørkekøyring, er beviset gyldig berre i tida 1. mars - 31. oktober
- Ta mørkekøyringa så snart som råd. Når du har gjennomført den, får du tilsendt nytt bevis frå Statens vegvesen, og kan øvingskøyre heile året
- Beviset og godkjent legitimasjon med bilde må du ha med deg både når du tek køyretimar på trafikkskulen og når du øvingskøyrer privat
- NB! Dersom du mistar beviset - ta kontakt med ein av trafikkstasjonane til Statens vegvesen
Innhald
- Trafikkopplæringa
- Grunnleggjande forståing for trafikk
- Mennesket i trafikken
- Øvingskjøring og kjøreerfaring
- Førstehjelp
- Tiltak ved trafikkulykke
- Mørkekjøring
Er du over 25?
- Då er du friteken for delar av trafikalt grunnkurs
- Førstehjelp og mørkekjøring som er likevel obligatorisk, og må gjennomførast før du tek den praktiske prøva
- NB! Ha alltid med legitimasjon når du øvingskjører

