Mørkekjøring

Mørkekjøringa er ein del av trafikalt grunnkurs

Du lærer om

  • årsakssamanhengar ved ulykker i mørket
  • vurdering av risiko
  • rett lysbruk og åtferd elles ved kjøring, parkering og nødstopp i mørket

Ved den praktiske demonstrasjonen i bil i reelle trafikksituasjonar er det trafikklæraren som kjører, du som elev er passasjer.

I den lyse årstida er det umogleg å ta mørkekjøring. Då kan du fullføre trafikalt grunnkurs og begynne å øvingskjøre utan. Men OBS! Sjå nedanfor:

Bevis for å kunne øvingskjøre

  • Tek du trafikalt grunnkurs i tida 16. mars – 31. oktober utan å få gjennomført mørkekjøring, er beviset gyldig berre til 31. januar året etter
  • Du må gjennomføre mørkekjøring før denne datoen. Deretter får du tilsendt nytt bevis frå Statens vegvesen, og kan halde fram med å øvingskjøre
  • Gjennomfører du ikkje mørkekjøringa i tide, mistar du retten til å øvingskjøre

Mørkekjøringa er ein viktig del av føraropplæringa som alle bør ta så tidleg som mogleg.

(Tok du trafikalt grunnkurs utan mørkekjøring før 2009, er ikkje beviset ditt tidsavgrensa.)



 

 

 

Sist oppdatert: 16. januar 2012