Føraropplæring for traktor (klasse T)

Opplæringa i klasse T har fire trinn. Det er viktig å ha nådd målet for eitt trinn for å ha godt utbytte av opplæringa på det neste.

Obligatorisk opplæring
Ein del av opplæringa er obligatorisk, desse timane må du ta på trafikkskule. Andre delar kan du velje om du vil ta på trafikkskule eller privat. I alle fall må du øve så mykje at du god nok! På visse vilkår er det også lov å øvingskjøre privat

Mål og innhald
Du finn meir om måla for opplæringa, og innhaldet i dei fire trinna, i trafikkopplæringsforskrifta og læreplanen  

Gode råd

  • Samarbeid med trafikkskulen frå starten av opplæringa!
  • Ta teorikurs på trafikkskulen! (Teorikurs må ikkje forvekslast med trafikalt grunnkurs)
  • Kjøp deg læremateriell gjennom trafikkskule, i bokhandelen eller på internett
  • Les læreboka grundig fleire gonger
  • Lær deg kunnskapsstoffet på same tid som du tek praktisk opplæring, då sit det betre
  • Å berre løyse oppgåver på nettet er ikkje nok til å lære stoffet
  • Ta timar på trafikkskulen før du øver privat!. Då lærer du raskare, og det blir trygt å øvingskjøre privat

 Dei som øvingskjører mykje

  • er mindre utsett for ulykker når dei begynner å kjøre på eiga hand
  • gjer det bra på oppkjøringa
  • stryk sjeldan
Sist oppdatert: 6. mai 2011