Trinn 4 - Avsluttande opplæring

På dette trinnet skal du bli så god at du kan kjøre traktor med tilhengar på ein ansvarleg måte i god samhandling med andre i trafikken. Øve på å kjøre sikkert og effektivt, økonomisk og miljøvennleg og gjennomføre kurs i sikring og merking av last

Individuell tilpassing
Kor mange timar du skal bruke på dette trinnet, må tilpassast behovet du har, og kor mykje du øvingskjører privat. Noko av opplæringa er obligatorisk.

Obligatorisk kurs i sikring og merking av last

  • er på 2 timar
  • skal hjelpe deg til å forstå kor viktig det er å sikre og merke last
  • gjev øving i ulike måtar å sikre lasta på

Har du kurs i lastsikring frå før?
Då slepp du å ta det på nytt

Sist oppdatert: 30. mars 2011