Øvingskjøring i klasse T

OBS! Øvingskjøring må ikkje vere til fare eller unødig ulempe for annan trafikk!

For å kunne øvingskjøre i klasse T

må du

  • vere fylt 15 år
  • ha fullført trafikalt grunnkurs
  • ha med anten bevis fullført trafikalt grunnkurs og legitimasjon, eller førarkort i ein annan klasse

Frå 1. juli 2009 vil personar som er over 25 år vere fritekne frå delar av trafikalt grunnkurs. Dette inneber at desse kan øvingskjøre utan å ha kurset. Akseptabel legitimasjon med bilde som stadfestar at ein er over 25 år må takast med under kjøring. 

Den som er med deg

  • må vere fylt 25 år
  • må ha hatt førerett  i klasse T, samanhengande dei siste 5 åra
  • NB! Dersom vedkommande har klasse T med kode 143, gjeld føreretten berre for traktor med tilhenger som har tillaten totalvekt høgst 750 kg!
  • NB! Kan ikkje ta betaling, sjå lengre ned på sida.

Traktoren

  • må ikkje vere konstruert for å gå fortare en 40 km/t

Tilhengaren

  • må ha aktuell totalvekt som ikkje er over det som er lov å dra med den traktoren du kjører

Øvingsområdet

  • må veljast etter kor langt du er komen i opplæringa

NB! Opplæring mot vederlag:

Det blir rekna som opplæring mot vederlag når den som sit ved sida av får betaling for å vera med, same kven som betaler. Det er viktig å merke seg dette, ettersom det blir stilt meir omfattande krav til kjøretøy, lærar osv når opplæringa skjer mot vederlag.
Sist oppdatert: 13. oktober 2009