Trinn 1 Trafikalt grunnkurs
Før du kan begynne å øvingskjøre på trafikkskule, annan godkjend opplæringsinstitusjon eller privat, må du ta trafikalt grunnkurs.
- Kurset er obligatorisk og det første trinnet i opplæringa
- Det er på 17 timar og felles for alle klassar.
- Kurset skal gi grunnleggjande forståing for kva det inneber å vere førar
For å ta kurset
må du vere minst 15 år, eller gå i 10. klasse. Både offentleg skule og trafikkskular gjennomfører grunnkurs.
Førarkort frå før?
Har du førarkort i ein annan klasse frå før, treng du ikkje å ta trafikalt grunnkurs
Bevis
- Når kurset er fullført, får du eit bevis som gir deg rett til å øvingskjøre
- Tek du kurset i tida 16. mars - 31. oktober utan å få gjennomført mørkekjøring, er beviset gyldig berre til 31. januar året etter
- Da må du gjennomføre mørkekjøring før denne datoen. Deretter får du tilsendt nytt bevis frå Statens vegvesen, og kan halde fram med å øvingskjøre.
- Gjennomfører du ikkje mørkekjøringa
i tide,
mistar du retten til å øvingskjøre.
-
Beviset og godkjent legitimasjon med bilde må du ha med deg både når du tek kjøretimar på trafikkskulen og når du øvingskjører privat
Innhald
- Trafikkopplæringa
- Grunnleggjande forståing for trafikk
- Mennesket i trafikken
- Øvingskjøring og kjøreerfaring
- Førstehjelp
- Tiltak ved trafikkulykke
- Mørkekjøring
Er du over 25?
- Då er du friteken for delar av trafikalt grunnkurs
- Førstehjelp og mørkekjøring som er likevel obligatorisk, og må gjennomførast før du tek den praktiske prøva
- NB! Ha alltid med legitimasjon når du øvingskjører
Sist oppdatert: 16. januar 2012