Foresatte

Har du ein ungdom i huset som skal bli bilførar om to-tre år?

Opplæring over lang tid

Opplæringa til å bli bilførar bør skje over relativt lang tid. Dei unge bør få samle seg så mykje erfaring som råd før dei skal kjøre åleine. Det er derfor viktig med omfattande privat øvingskjøring.

Mykje erfaring – mindre ulykkesrisiko

Forsking tyder på at dei som har øvingskjørt mykje, er mindre utsette for ulykker etter at dei har fått førarkort. Omfattande øvingskjøring, er ein viktig del av føraropplæringa.

Ta deg tid!

Skal ungdom få kjøretrening, er dei avhengig av ein vaksen som stiller opp. Ta deg tid!

Mengdetrening

Det er særleg mykje realistisk øvingskjøring i det siste opplæringstrinnet, trinn 4, det er store forventningar til effekten av. Det er denne som blir kalla mengdetrening

Informasjonsmøte

Statens vegvesen har som oppgåve å leggje til rette for god føraropplæring og inviterer føresette til informasjonsmøte om føraropplæring og mengdetrening.

Du får informasjon om bl.a.

  • Ungdom og bilkjøring
  • Utvikling av nye bilførarar
  • Korleis du kan medverke
  • Lærerike og trivelige øvingsturar
  • Reglar som gjeld for øvingskjøring
  • Opplæringsmodellen
  • Samarbeid med trafikkskole
  • Smart bruk av tid og pengar

Meld deg på informasjonsmøter om øvelseskjøring

Sist oppdatert: 7. juli 2011
Fikk du hjelpen du trengte? Hva savnet du?