Øvingskjøring må ikkje vere til fare eller unødig ulempe for annan trafikk!
Berre den som har gjennomført trinn 1 - trafikalt grunnkurs har lov å øvingskjøre . Dette kurset skal gje grunnleggjande forståing for trafikk og vere utgangspunkt for vidare opplæring. Aldersgrensa for å ta kurset er 15 år. Tek du kurset i den offentlege skulen, kan du ta det i 10. klasse, sjølv om du ikkje har fylt 15 år.
Frå 1. juli 2009 vil personar som er over 25 år vere fritekne frå delar av trafikalt grunnkurs. Dette inneber at desse kan øvingskjøre utan å ha kurset. Akseptabel legitimasjon med bilde som stadfestar at ein er over 25 år må takast med under kjøring
Har du alt førerett i ei anna klasse kan du øvingskjøre i klasse M 146 utan å ta trafikalt grunnkurs.
Du som skal øvingskjøre i klasse M 146 må vere 15 år . (Tek du opplæringa i den offenlege skolen, kan du øvingskjøre frå 10. klasse.) Du har ikkje lov å øvingskjøre dersom politiet har gjeve deg sperrefrist for førarkort.
Når du øvingskjører må du alltid ha med deg bevis for fullført trinn 1 - trafikalt grunnkurs og legitimasjon med bilete, eventuelt førarkort.
Den som er med deg må vere fylt 25 år og ha hatt førerett for moped utan avbrot minst dei siste 5 åra. Det er den som er med deg, som er ansvarleg for kjøringa, men du som øvingskjører har også ansvar. NB! Den som er med deg og øvingskjører privat, kan ikkje ta betaling, det er det berre trafikklæraren som kan gjera.
På veg kan øvingskjøring i klasse M 146 berre gå for seg dersom den som er med deg har visuell kontakt og kan instruere deg via tovegs radiosamband eller liknande.
Den som er med deg, må sjølv kjøre motorsykkel, det er ikkje lov å for eksempel kjøre etter i bil eller på moped.
Refleksvest som bakover viser bokstaven L må både du og den som er med deg ha på når øvingskjøringa går for seg.
Øvingsområdet må veljast etter kor langt du er komen i opplæringa. Det må vera forsvarleg å kjøre moped der! Du har ikkje lov til å øvingskjøre i utlandet.
På avsperra område eller øvingsbane er det lov å øvingskjøre når den som er med deg har visuell kontakt og kan instruere deg.