Nordøyvegen vil gje fast vegsamband for rundt 2900 menneske. Samstundes vert dei rundt 10 000 innbyggjarane i Haram og Sandøy kommunar knytt nærare saman gjennom dette ferjeavløysingsprosjektet. Nordøyvegen vil medverke til å betre konkurranseevna til næringslivet i regionen og gjere Nordøyane til eit meir attraktivt buområde.