Nordøyvegen gir fastlandssamband for rundt 2900 menneske på Lepsøya, Haramsøya, Skuløya/Flemsøya og Fjørtofta i Haram kommune og Harøya og Finnøya i Sandøy kommune i Møre og Romsdal. 

Dei rundt 10000 innbyggjarane i kommunane Haram og Sandøy blir knytt nærare saman. Både næringsliv og private vil spare transportkostnadar og få eit meir fleksibelt transportsystem.

Nordøyane har i dag to ferjesamband og eitt hurtigbåtsamband.

Prosjektet omfattar:

  • Lepsøybrua, 800m lang høgbru frå Skjeltene på fastlandet over skipsleia til sjøfylling mot Lauka og Hestøya.
  • Laukebrua, ei 110 m lang bru som ligg rett søraust for Lauka og Lisjelauka.
  • Hamnaskjersundbrua, ei 200 m  lang bru som ligger i Hamnaskjersundet.
  • Haramsfjordtunnelen frå Hestøya til Austnes, lengd 3500m.
  • Nogvafjordtunnelen, frå Longva på Flemsøya  til Fjørtofta, lengd 5730m.
  • Fjørtoftfjordtunnelen, frå Fjørtofta  til Myklebust på Harøya, lengd 3680 m..
  • Burbergtunellen, ein miljøtunnel på Fjørtofta, lengd 170m..
  • Veg på sjøfylling over Lepsøyrevet, total lengd 2735m..
  • Ny veg over Fjørtofta.