Prosjektet inneber bygging av tunnel forbi rasfarleg område, i tillegg til omlegging av einkilde avkjørslar i overgangsstrekningane mellom tunnel og dagens veg.
Det skal inn to havarinisjer i tunnelen og naudstasjonar for kvar 125 m. Vegen skal byggast 9,5 m brei og tunnelprofilen er T9,5.
Ferdig tunnel skal vere open for gang- og sykkeltrafikk med auka krav til m.a. forsterka belysning, ventilasjon og kvitmåla veggar.