Dette er eit viktig ledd i prosedyren med å få tunellen sikkerheitsgodkjent før opninga 10. november.

Røykutvikling og trafikkstans
Det vil kome røyk ut frå tunellen – mot Folkedal, noko som gjer at det kan bli stengt for passering ved tunellopningane i ein kort periode.

-Det blir ein teoretisk gjennomgang for redningsmannskapa frå kl 17, opplyser prosjektleiar Frode Lykkebø. Det er viktig at dei får kunnskap om tunell og utstyr. Røykutvikling kan observerast i perioden 18-20.