Naturen kan heretter få gjere som den vil i Haukanesberget, utan fare for trafikantane. På gamlevegen vert asfalten fjerna og den naturlege vegetasjonen skal få gro fritt. 

Ope arrangement
Sjølve vegopninga vil gå føre seg i Folkedal med oppstart klokka 11.30, ved tunellinngangen.

Benthe Bondhus vil føreta den høgtidelege handlinga med snorklypp. Ho er fylkespolitikar i Hordaland og mangeårig medlem i Nasjonal rassikringsgruppe. 

Det vert sett opp bussar frå Granvin, og vi oppmodar til å ta desse. Avgang  kl. 11.00, retur kl. 13.30. Fire bussar er sett opp frå terminalen og ein går frå barnehagen. 

På programmet står kulturelt innslag, talar og helsingar, snorklypp og avsluttingsvis enkel servering til alle frammøtte.