10. november opna Folkedalstunellen forbi Haukanesberget i Granvin. Om lag 150 blide gjestar fekk sjå fylkespolitikar og mangeårig medlem i den nasjonale rassikringsgruppa Benthe Bondhus utføre den seremonielle handlinga.

Opning med sag
- Granvin er ein tre-bygd med lange tradisjonar for skogsvirke og treindustri, sa ordførar Ingebjørg Winjum. Difor har vi fått laga ein kopi av ei sag frå 1800-talet til bruk for dagens vegopning. Denne kopien er det Gunnar Kjerland her i Granvin som har laga.

Det tradisjonelle flaggbandet var difor erstatta med ein tynn trestamme – pynta med flaggband-sløyfer, og Bondhus hadde ikkje problem med «sagføringa».

Velkomen til vegopning
Avdelingsdirektør Olav Finne fekk ønske velkomen og seie litt om prosjektet etter at Granvin kulturskule hadde framført «Ku i tunnelen» og «Grevling i taket» saman med ungane frå barnehagen. Heile forsamlinga song med på refrenget.

- Det er på tide at vi får opna Folkedalstunellen, sa Finne. Han synte til at vegen har vore stengt grunna skred også i byggeperioden.

I planprosessen var det spørsmål om traséval for Folkedalstunellen; Skulle den vere kort eller lang? Prisskilnaden på 40 mill.kr vart avgjerande, og den korte tunnelen vart godkjent av Granvin herad i januar 2013.

- Takk til trafikantane for utvist tolmod i byggeperioden, og til byggeleiing og entreprenør Veidekke med sine underentreprenørar for godt arbeid, sa Finne. Prisen er innanfor kostnadsramma på 273 mill.kr.

Det står att litt stell av sideareal, noko som skal vere ferdig i desember.

Takk frå heradet
Ordførar Ingebjørg Winjum takka for tryggare veg for skuleborn og andre trafikantar.

- Eg er glad for alle rassikringsprosjekt som vert opna i Hardanger, sa Winjum. Dette er einaste reelle omkjøringsvegen når E16 Bergen-Voss er stengt og såleis ein av hovudvegane mellom Oslo og Bergen.

Fleire farlege flaskehalsar skal bort
- Dette er ein stor dag for liten og stor, sa fylkespolitikar Benthe Bondhus. Ho nytta høvet til å understreke kor viktig det er med dialog med lokalsamfunna i den tidlige planprosessen. Da kan vi oppnå det beste resultatet.

- Men når ein ikkje kan få den ein elskar, må ein elske den ein får, sa Bondhus.

Målsetnaden for rassikringsgruppa er at alle vegar skal vere rassikra innan 2030.