-Brannsjefen i Granvin var godt nøgd med både opplæring, gjennomføring og utrustning i tunnelen etter øvinga, seier prosjektleiar Frode Lykkebø.

Dei som var med
Brannvesenet i Granvin var med, industribrannvernet frå Kvam si avdeling i Ålvik og ein representant frå brannvesenet i Eidfjord. Politiet kom med mannskap frå både Voss og Norheimsund.

Entreprenørane Veidekke og Mesta elektro var også med, samt fleire frå Statens vegvesen både prosjektet, drift og vedlikehald og Vegtrafikksentralen (VTS).

Teori
Entreprenørane informerte om naudutstyr og elektrisk anlegg i tunnelen. VTS  orienterte om den nye sentralen i Bergen, om korleis dei vil oppleve og måtte handle dersom det oppstår ein naudsituasjon i ein tunnel. Samt det viktige samarbeidet med 110, 112 og 113 -sentralane. 

Praksis
Granvin brannvern rigga opp alt nødvendig sløkkeutstyr i tunnelen og  mannskapa vart briefa på naudskap og sikkerheitsutstyr.
Så vart det sett fyr på innhaldet i ein container slik at det vart produsert røyk for å teste viftene. Desse styrer lufta i retning Folkedal, ettersom det er brannvesenet i Granvin som skal rykke ut ved evt. brann. Da må dei ha vinden i ryggen. 

-Det fungerte heilt strålande, seier Lykkebø i ettertid. Sjølv når vi sto ca 6-7m frå brannen var det verken røyk eller varme å kjenne, takk vere viftene.
Brannvesenet testa varmesøkande kamera (FLIR) under brannen. Dei målte over 650ºC i containeren, ca 90ºC i vegg, ca 65-70ºC på veg og ca 30ºC i taket. 

Det nye naudnettet er installert og fungerte prima. Prosjektleiinga er svært godt nøgde med at så mange møtte opp og fekk kunnskap om utstyret og rutinane.