UNG-programmet kull 7 er i gang. I Stavanger sist veke var 24 unge vegvesentilsette samla for å bli betre kjente med etaten og med kvarandre. Å samlast om å bygga det høgaste tårnet av papir, var eit av stega på vegen. [28.09.2010]
UNG-programmet er eit tilbod til tilsatte som er under 33 år, og som har jobba kortare enn to år i etaten. Det er i alt tre
2-dagars samlingar på forskjellige stader i landet. Neste samling for dei unge blir i Trondheim i november. Etter det, blir
det Oslo i februar.
Personleg utvikling og nettverk
Om lag halvparten av tida på samlingane skal dei unge bli betre kjente med kjerneområda i Statens vegvesen. Resten av tida
blir nytta til coaching og personleg utvikling, både i plenum og i grupper. Eit viktig pluss ved desse samlingane er sjølvsagt
at deltakarane knyter nettverk med andre unge i etaten. Difor blir det også lagt vekt på det sosiale og det å bli kjent med
kvarandre.
UNG-programmet gir dei unge nytilsette ein veldig fin mulegheit til å løfte blikket litt og sjå på kor mykje forskjellig vi faktisk gjer i Statens vegvesen.
Dei samlast om å bygga det høgaste tårnet av papir.