Krafttak for god MC-opplæring

Trafikklærarar og sensorar på Sunnmøre har gjennomført ei 3-dagars samling i regi av Statens vegvesen. Samlinga ble gjennomført med bakgrunn i Statens vegvesen sitt prosjekt ”Krafttak for god føraropplæring kl A”. [03.09.2009]

I år var det andre gang Sunnmøre distrikt i samarbeid med trafikkskulane har gjennomført ei slik samling. Samlinga vart nok ein suksess, både fagleg og sosialt. Turen gjekk over tre dagar på smale svingete veier, og over fleire fjellovergangar. Totalt vart det køyrd ca. 100 mil.  

- Engasjementet frå kvar enkelt var svært godt. Det er svært viktig å ha desse samlingane, seier førar prøvesensorane Knut Gunnar Skjærvik og Leif Atle Strand, som stod for planlegging og gjennomføring av samlinga i samarbeid med trafikkskulane.

-  Vi som arbeider med førarprøver, er heilt avhengige av å både utvikle og samkøyre oss på lik linje som køyrelærarane. Vi treng både eigentrening og faglig utvikling skal vi henge med. Bransjen er i stadig utvikling og vi ynskjer å halde oss oppdaterte. På Sunnmøre er vi totalt 11  lærarar og sensorar som er involvert i arbeid rundt motorsykkelopplæring. Vårt felles verktøy er læreplanen klasse A. Det er viktig at vi alle tolkar læreplanen rett, enten du er lærer eller sensor. Vi arbeider mot same mål og prøver derfor å tolke læreplanens hovudmål og delmål så likt som mogleg. Dette for å ivareta læreplanens krav og o-visjon på best mogleg måte. Å køyre motorsykkel er ei krevjande oppgåve på mange måtar, og det er derfor svært viktig at all opplæring og sensurering vert sikra god kvalitet. Derfor er slike samlingar svært viktige, der vi kan diskutere, øve og lære av kvarandre, seier Leif  Atle Strand.

Samlinga starta med å bedømme ferdigheita i ”køyregardsøvingane” for førarprøva ved trafikkstasjonen. Ein køyreskule stilte med kandidatar på uilke nivå, slik at panelet kunne vurdere opp mot minstekrav ved ei førarprøve. Lærarplana vart prøvd ut og tolka på turen. Dette var gjort ved at oppgåver frå læreplanen vart delt ut. Deltakarane skulle så gruppevis arbeide og instruere dei andre. På denne måten fekk vi innblikk i læreplanens intensjonar på ulike nivå og diskutert synspunkt.

- Vi kjem til å forsette med desse samlingane. Miljøet på Sunnmøre er svært godt mellom trafikklærarar og sensorar. Vi er alle glade i å køyre motorsykkel og nyte fridommen og opplevingane dette gir. Det er også viktig at vi, som arbeider med førarkortarbeid, kan møtast i samanhengar utanfor det daglige arbeidet. Dette gir oss ”påfyll” i arbeidet seinare. Samtidig er vi interessert i halde eit godt og profesjonelt nivå for både elevar , trafikantar og myndigheiter. Eit godt og profesjonelt nivå skaper tillit. Mellom anna difor er desse samlingane særs viktige, seier Knut Gunnar Skjærvik.

Krafttak for god MC-opplæringTrafikklærarar og sensorar på Sunnmøre har gjennomført ei 3-dagars samling "Krafttak for god MC-opplæring" i regi av Statens vegvesen.