Det er varsla mildvêr og regn det neste døgeret, og skredfaren er difor stor på vegnettet på heile Vestlandet. Statens vegvesen ber alle trafikantar vere ekstra på vakt når dei ferdast ute på vegane. [10.03.2010]
Det har vore ein spesiell vinter i år, med mykje snø og kulde. Mange stader er det store mengder is, både i skjeringar og i fjellsider. Når temperaturen stig og det kjem nedbør i form av regn, er risikoen for lokalt nedfall av stein, snø og is svært stor.
Statens vegvesen har satt i verk forsterka overvaking og kartlegging av vegnettet. Dette blir gjort ved hjelp av personar med lokalkunnskap.
Ein del vegar har allereie vore stengt på grunn av - eller ved fare for ras. Fleire vegar kan bli stengt på kort varsel det neste døgeret.
Følg med på trafikkmeldingar på vegvesen.no eller ring Statens vegvesen sin Vegtrafikksentral på tlf. 175.