Nytt vegmuseum i Region vest

19. juni skal Norsk vegmuseum Region vest i Dirdal i Rogaland opne. Det vert ikkje noko vanleg opning med snorklypp, det skal skje ved steinklyving med blekk, kilar og slegge [05.05.2010]

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa, fylkesordførar Tom Tvedt og ordførar i Gjesdal kommune Olaug V. Bollestad vert utfordra til å utøve dette gamle handverket denne dagen. Dei har sagt ja, men veit gjerne ikkje kva dei har gitt seg ut på?

Om museet
Vegmuseet i Dirdal vert ei samling av vegutstyr og veghistorie frå heile vestlandet. Grunnlaget er den flotte samlinga som var utstilt i kjellaren ved vegkontoret i Stavanger.

Her var fire bygningar i utgangspunktet. No er to av dei bygd saman og utvida for å få plass til alt – noko smått og noko kjempedigert!

Her er utstillingshallar og møterom, og når alt vert fiks ferdig skal her verte ein fin rasteplass med fasilitetar for vegfarande. Meininga er å ha museet ope 20. juni til 20. august samt tre-fire helger før og etter.

Stor opning
Planlegginga er godt i gang og her skal verte eit flott arrangement med ulike kulturinnslag i samarbeid med Gjesdal kommune. Kommunen knyter dette arrangementet opp mot Sulaskarprosjektet som er eit veg-formidlingsprosjekt med 20-års jubileum i år og eit samarbeid mellom seks kommunar i distriktet.

Det lokale idrettslaget skal syte for det kulinariske tilbodet og gjester frå fjern og nær skal inviterast. Her vil bli aktivitetar for store og små, kunnskapsformidling og mykje meir. Og ettersom dette er ein laurdag skulle det kanskje vere ein fin start på ferien for fleire - i retning Kongeparken, kanskje?

Norsk vegmuseum Region vest i Dirdal har mykje rart å vise fram. Her vert det opningsfest 19. juni.