Av ulike årsaker har rassikringsarbeidet ved E16 Hettetunnelen nord tatt lenger tid enn forventa. Entreprenøren sin framdriftsplan føreset ferdigstilling av tiltaket i veke 44. [01.09.2010]
Pågåande arbeid er støyping av betongportal som medfører at trafikken kan gå i berre ei køyrebane. Strekninga er difor lysregulert, og slik må det fortsette utover hausten heilt til arbeida er avslutta i november.
Dersom det i periodar vert uakseptabel oppstuving av trafikk, vil ein nytte manuell dirigering av trafikken.