Onsdag 1. september samlast mellom andre berørte fylkeskommunar og kommunar igjen for å diskutere korleis E39 mellom Aksdal og Bergen skal sjå ut i framtida. [30.08.2010]
Møtet varer frå kl. 09.00 til 12.00 på Stord Hotell, Leirvik
Plan for dagen
På møtet skal ein gå gjennom
- variantar av dei tre hovudkonsepta for strekninga: ytre-, midtre- og indre linje
- ei situasjonsskildring av området i dag
- ei oppsummering av dei behova på strekninga som kom fram på arbeidsverkstaden 14. juni
Hensikta med utgreiinga er å avklare korleis transportbehova mellom Aksdal og Bergen kan løysast på beste måte. Innspel frå
eksterne samarbeidspartnarar, som kommunar, fylkeskommunar, næringsliv og organisasjonar, er sentralt i arbeidet.
I samarbeidsgruppa har Statens vegvesen invitert Hordaland og Rogaland fylkeskommunar, berørte kommunar og andre statlege
etatar til å vere med.
Utgreiinga er i full gang og skal etter planen vere ferdig rundt årsskiftet. Samarbeidsgruppa hadde eit innleiande møte på
Stord 19. mai, og i tillegg var gruppa med på verkstad 14. juni.