Tryggar tilhøva for trafikantane

7. september startar Statens vegvesen arbeid med fjellreinsk og sikring av to parti langt E16, mellom Bolstad og Evanger, ved Godfarskolten og i Kattagjelet. Arbeidet medfører at E16 blir stengt i tidsrommet kl 0700-1900 måndag til og med laurdag. [02.09.2010]

Vegen vert opna for trafikk kvar heile klokketime og klokka 0730, medan bussar i rute og utrykkingskøyretøy får passere som normalt. Av omsyn til helgeutfarten vert det opna for fri passering frå klokka 1500 fredag 11. september. Sundag er det ikkje arbeid på staden og trafikken kan gå som normalt.

Fartsgrensa forbi anleggsområdet vert i same tidsrom sett ned til 50 km/t

– Me skal ta ned ein del laus stein og nokre store steinblokker oppe i Godfarskolten, som ligg kring tre kilometer aust for Bolstad. Vegen må stengjast forbi arbeidsstaden då lausmassane vil kome ned midt i vegbana. For å korte ned tida på arbeidet og for å gje trafikantane dei beste forholda, trur me ei ordning med å halde stengt og opne til faste tider er beste løysing for alle partar, seier byggjeleiar Magnar Røthe. Han meiner ein skal være ferdig med reinskinga innan fredag 17. september.

Etter at ein har reinska fjellsida, skal det monterast sikringsnett. Køyrefeltet nærast arbeidsområdetvil då bli stengd og trafikken vil bli styrt forbi staden med lysregulering.

Når arbeida i Godfarskolten er ferdige skal ein til med sikringsarbeid i Kattagjelet. Også her vert det regulering av trafikken forbi arbeidsstaden, men ikkje noko stenging.

Steinblokk som må fjernesSteinblokka må fjernast.