Museumsopning i Dirdal

Ikkje langt frå Byrkjedalstunet i Rogaland skal Statens vegvesen Region vest sin "satelitt" av Norsk vegmuseum opne førstkomande laurdag. Det står fram som eit flott anlegg og ei rik samling av vegkulturminne [17.06.2010]

Festen startar klokka 12, men Gjesdal brassband startar eit kvarter før for å spele gjestene inn. Av andre kulturelle innslag kan nemnast:
Gjesdalsringen med folkedans, Gjesdal skulekor og Gjesdal Street Dance med sjonglør. Elles vert her demonstrasjon av steinklyving på gamlemåten og guidar som vil fortelle om utstillingane.

Ein av grunnane til at dette vert eit flott arrangement med så mange kulturinnslag er at vi samarbeider med Gjesdal kommune. Dei knyter dette arrangementet opp mot Sulaskarprosjektet, som er eit veg-formidlingsprosjekt med 20-års jubileum i år, og eit samarbeid mellom seks kommunar i distriktet.

Foreldregruppa ved mellomtrinnet på Dirdal skule skal syte for det kulinariske tilbodet, slik at her vert sal av mat og drikke på området.

Velkomen til alle! Parkér ved skulen eller kyrkja og reis til festplassen i shuttle-veteranbuss.

Museet vil verte opent fram til 15. august til desse tidene:
Søndag til fredag klokka 11.00 til 18.00
Laurdag klokka 11.00 til 15.00
Kontakttelefon 51 91 14 82 (kontortid)

Perspektivtegning DirdalIkkje alt av grøntanlegg er på plass til opninga, men slik skal det bli. Men flagga er heisa denne dagen!