Museumsopning i strålande vér

Det vart rikeleg med vind i flagga da Norsk vegmuseum Region vest opna i Dirdal 19. juni, og folksamt på området under arrangementet. Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa, som fekk opne ein ny kulturattraksjon i eige fylke, skein om kapp med sola [21.06.2010]

Men den som skein aller mest var nok Martin Nødland, den varmaste eldsjela som har brunne for muséet i Dirdal i mange år, og som har lagt ned eit utal arbeidstimar her. Han fekk Kongens sølv for innsatsen.

Steinklyving skapte undring
Regionvegsjef Olav Ellevset ønska velkomen i godvéret og seksjonsleiar Øyvind Haaland leia forsamlinga gjennom eit allsidig program. Sjølve seremonien vart utført ved at samferdsleminister Kleppa, Fylkeskultursjef John Gunnar Johnsen og ordførar i Gjesdal, Olaug V. Bollestad, slo kilar i ei rekke hol som var bora i ei diger steinblokk. Denne blokka skulle da dele seg, noko mange hadde lita tru på. Men det gjekk som planlagd, og hermed er muséet opna.

Gode kulturinnslag, heider og ære
Gjesdal brassband spelte gjestane inn, Gjesdalringen dansa og Dirdal skulekor song. Gjesdal Street dance imponerte med rytme og koreografi.
Direktør Geir Paulsrud frå Norsk vegmuseum ønskte lukke til og delte ut Vegmuseet sin heiderspris til Martin Nødland, Hallvard Solheim og Tolleiv Byrkjedal. Etterpå var inviterte gjester inne på møterommet til rømmegraut og spekemat, ei uformell og triveleg stund der fleire av dugnadsgjengen vart heidra.

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa, Fylkeskultursjef John Gunnar Johnsen og ordførar i Gjesdal, Olaug V. Bollestad klyv stein på gamlemåten. Det gjekk som det skulle.Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa, Fylkeskultursjef John Gunnar Johnsen og ordførar i Gjesdal, Olaug V. Bollestad kløyvde stein på gamlemåten. Det gjekk som det skulle. Foto: Nols Nonås, Statens vegvesen