I dag, måndag 19. juli, startar Statens vegvesen kjerneboring i Boknafjorden. Dette blir gjort for å finne ut meir om kvaliteten
på fjellet der verdas lengste undersjøiske tunnel, Rogfast, skal byggast.
[19.07.2010]
– No i juli startar vi med boring på Sauholmen, heilt nord på Kvitsøy. Vi skal også undersøkje grunnen på Krågøy, vest på
Kvitsøy, seier Ragnhild Øvrevik, ingeniørgeolog i Statens vegvesen.
I tillegg til arbeidet på Kvitsøy skal vi også bore på holmen Alstein, som ligg ca. 3 km vest for Tungenes.
– Her skal vi bore 300 meter rett ned, heilt ned til der tunnelen skal gå, fortel Øvrevik.
Seismiske undersøkingar, som blir gjennomført frå båt, skal gjerast i heile den planlagte traséen for Rogfast i Boknafjorden.
I tillegg skal seismikk utførast på land på Krågøy. Dette arbeidet startar i august. – Seismikk er ein form for avansert ekkolodd, som skal fortelje oss meir om fjellkvaliteten i området, fortel Øvrevik.
– Vi utfører desse undersøkingane for å vera best mogeleg førebudde til å bygge tunnelen. Den vidare planlegginga blir lettare
når vi får meir oversikt over fjellkvaliteten. Ikkje minst vil det gi oss betre oversikt over kva kostnadene for tunnelen
kjem til å bli, seier Ragnhild Øvrevik.
Nokre undersøkingar skal etter planen vera ferdig i haust, medan noko arbeid skal halde fram til vinteren.
Entreprenøren som skal gjera kjerneboringa er Entreprenørservice AS. GeoPhysix AS skal utføre dei seismiske undersøkingane.