Hol gjennom Gullringen

I 12-tida i dag, fredag 4. september, vart gjennomslagssalva i tunnelen gjennom Gullringen fyrt av. - Arbeidet går etter planen og held det fram slik opnar tunnelen i juni neste år, seier prosjektleiar Susanne Svardal. [04.09.2009]

Gullringen ligg på rv. 55 gjennom Luster. Arbeidet med reinsk og sikring til tunnelen starta for vel eit år sidan. Sjølve anleggsarbeidet starta i januar i år. Det er Hæhre Entreprenør as som er hovudentreprenør på prosjektet, som totalt er på 1850 meter. Prosjektet omfattar tunnel på 1,1 km og ei bru på 20 m.

Vidare arbeid

No når det har vorte hol gjennom Gullringen startar arbeidet med å legge veg, ettersikre, drenere og sikre mot vatn og frost. –Det blir meir vatn- og frostsikring enn vi hadde trudd, men ikkje så mykje at det utgjer noko i forhold til tidspunkt for opning av tunnelen, seier Svardal. Ho fortel og at elektroarbeidet i tunnelen skal i gang i midten av februar, så innan da må det andre tunnelarbeidet vere ferdig.

Fredag 4. september 2009