Utbetringsarbeida i Flenjatunnelen på E16 i Aurland går mot slutten. Det vert ikkje endringar i opningstidene før desse arbeida er fullførde slik at tunnelen framleis er open for trafikk mellom 07.30 og 21.00 [04.03.2010]
Tider for kolonnekøyring
kl. 21.00 – 07.30:
Frå aust v/Flåm: kl.21:15, 21:45, 22:15, 22:45, 02:00 og kl. 05:00
Frå vest v/Langhuso: kl. 21:30, 22:00, 22:30, 02:15, og kl. 05:15
Utanom desse tidene er tunnelen stengd for vanleg trafikk.
Desse rutinane for kolonnekøyring vil halde fram kvar kveld og natt fram til slutten av april.
Unntak er perioden er kring påske, frå torsdag 25. mars kl. 07.30 til og med tysdag 6. april kl. 21.00 da tunnelen er open
for fri ferdsel.
Varsel om stenging
Stenging og opplysing om kolonnekøyring vert varsla med skilt eller lystavler på strategiske plassar langs E16. Arbeida skal
vere avslutta til 28. april 2010.