Ungdom er flinke å bruke bilbelte

Dette er konklusjonen etter at Statens vegvesen i desse dagar har avslutta kontrollperioden i kampanjen ”Sei ifrå”. Heilt sidan midten på april og fram til 18. mai har Statens vegvesen kvar helg i saman med Politiet vore på vegen der ungdomen ferdast. [20.05.2010]

Det er gjennomført nærare 10 000 kontrollar i kampanjeperioden i Region vest heilt frå Nordfjord til Egersund. Av desse er det ikkje skrevet ut mange gebyr.

- Det er gledeleg at så mange ungdom er fornuftige ute i trafikken. Dette stadfester sjølve filosofien i ”Sei i frå” kampanjen, som seier at mesteparten av dei unge er positiv ungdom og at dei er i mindretal dei som driv den risikofylte køyringa, seier Thorbjørn Thiem.

I kampanjeperioden har det vore kontrollar og dialog med ungdomen. Dette skal vera ein støtte og oppmuntring til dei unge om å ta større ansvar. Eit ledd i kampanjen er også å vise kampanjefilmen som mange kjenner att frå tidlegare år.

- Gjenkjenning er eit viktig element og i år har vi hatt stort fokus på russen. Dei er gode rollemodellar for dei unge. I år har vi vore på mange russearrangement og såleis har vi denne gongen treft mange i målgruppa for kampanjen som er ungdom i bil i alderen 16 - 24 år.

For meir informasjon om kontakt:
Prosjektleiar Thorbjørn Thiem Tlf.: 905 90 168

Sei ifrå